– Vi er strålande nøgde

– Vi er strålande nøgde

Elbilar har stått høgt på ønskelista til heimetenesta i Ulstein. Fredag henta dei heim fem splitter nye bilar frå Ørsta Bil.Ein nøgd einingsleiar for heimetenesta, Heidi Strand gler seg over dei nye bilane. Janne-Marit Myklebust   

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

– Vi ser fram til å nytte bilane i heimetenesta. Dette vil vere ressurssparande for kommunen, noko som gjer at vi kanskje kan få enda fleire bilar til disposisjon etter kvart, seier einingsleiar Heidi Strand.

Ho fortel at dei lenge har ønske seg elbilar, men at det først etter siste innkjøpsavtale var mogleg å få til. 

– No står det att å sjå korleis dei vil fungere i kvardagen, og vi gler oss til å bruke dei fine bilane vi har fått til disposisjon. Så langt er dei tilsette strålande nøgde med den nye bilparken, rosar ho.

Frå venstre: Kjell Krumsvik frå Ørsta bil, Mariette Gjerde, Nadine Johannsen, Heidi Strand og Rune Barstad. Bak: Anita Lillenes og Anita Myklebust Ulstein. Ein glad gjeng som henta heim bilane til Ulstein. Janne-Marit Myklebust

Dagleg leiar, Kjell Krumsvik frå Ørsta Bil, lovar ein trafikksikker bil til heimetenesta i Ulstein.

– Nissan Leaf har fem stjerner på kollisjonssikkerheit. Er du uheldig og krasjar, så skal du likevel site trygt. Her er også så pass bra med utstyr at du skal vere verkeleg god om du klarer å kollidere med denne bilen. Ein av dei største forskjellane dei tilsette vil merke er nok kor raskt bilen vert varm. Han treng berre eitt minutt på å tine opp på ein kald dag, fortel Krumsvik.

Bilen går 29 mil på fullt batteri, og om lag 20 mil på vinterstid med tanke på bruken av bilen i heimetenesta - med hyppige start og stopp og oppvarming av bilen.

Nøgd gjeng med nye bilar. Janne-Marit Myklebust