Hanna Elisabeth Langnes, Renate Pedersen og Gry-Anita Jonberg i psykisk helseteneste for barn og unge i Ulstein.
Ulstein kommune
Å vere forelder til eit barn med autisme kan gi ein kvardag med både glede, utfordringar og situasjonar som kan vere krevjande å forstå og handtere.
Programmet skal gi foreldre konkrete verktøy og strategiar som kan brukast i kvardagen.
Gjennom programmet arbeider ein mellom anna med:
- positiv samhandling og bygge ein god relasjon til barnet
- korleis ein kan legge til rette for læring og utvikling i å fremje sjølvstende
- å førebygge og handtere utfordrande situasjonar
- grensesetting og krav tilpassa barnet
- refleksjon rundt eigne erfaringar og situasjonar i kvardagen
Det blir lagt opp til fagleg innhald, samtalar og refleksjon i gruppe, praktiske oppgåver og heimeoppgåver.
Programmet er autismespesifikt, men fokuset er på foreldrerolla, samhandling og kva du som forelder kan gjere for å få ein betre og meir føreseieleg kvardag saman med barnet ditt.
Før første samling inviterer vi interesserte foreldre til eit uforpliktande informasjonsmøte:
- Tysdag 13. oktober kl. 17.00-18.30
- Stad: Holsekerdalen 24
Her vil vi fortelje meir om programmet, kva deltaking inneber og svare på spørsmål.
Det vert oppstart 27. oktober og deretter vekentlege samlingar. Høve til påmelding etter informasjonsmøtet. Dersom det er fleire interesserte enn ledige plassar, vil dei som ønskjer det kunne stå på venteliste.
Påmelding til informasjonsmøtet: renate.pedersen@ulstein.kommune.no