Brannkonstabel Bjørnis er ein svært ettertrakta bamse som har jobba med brannførebygging i mange år. No har han fått fast tilsetting i Hareid og Ulstein brannvesen.
– Til stor glede for oss alle! seier branningeniør Live Gandborg.
Heller ikkje ordførar Stian Skorgen Scheide klarte å skjule si nasegruse beundring for bamsen, og helsa han velkommen med ein varm bamseklem.
Bjørnis helsar på ordførar Stian Skorgen Scheide på sin første arbeidsdag i Hareid og Ulstein brannvesen.
Janne-Marit Myklebust
Bjørnis tok turen innom Ulstein rådhus og helsa på, før han skulle vidare til alle barnehagane i kommunen for å helse på fanskaren sin.
På besøk på teknisk. Frå venstre brannsjef Olav Helt Brubakk, Ivan Brandal, Børre Dyrkorn og Live Gandborg.
Janne-Marit Myklebust
Bjørnis vert kalla “Noregs viktigaste bamse” - og du kan lese meir om han her: Brannbamsen Bjørnis - Noregs viktigaste bamse.
Ein omsverma kar på barnehagebesøk.
Stian Skorgen Scheide
Brannsjef Olav Helt Brubakk, brannbamsen Bjørnis og ordførar Stian Skorgen Scheide.
Janne-Marit Myklebust