Velkomen til vårt nye innbyggartorg og nærtenestesenter

Velkomen til vårt nye innbyggartorg og nærtenestesenter

Ordførar Stian Skorgen Scheide stod for den offisielle opninga då Ulstein kommune sitt nye innbyggartorg opna i Ulstein bibliotek.

Ordførar Stian Skorgen Scheide opna innbyggartorget Annika Brandal

 

Zari Demirova skal vere vert på innbyggartorget. Annika Brandal

Lurer du på noko om kommunale eller statlege tenester? Då kan du besøke innbyggartorget vårt i Ulstein bibliotek.

Vi kjem til å halde ope tre dagar i veka, måndag, tysdag og torsdag klokka 12.00–16.00.

Innbyggartorget skal også innehalde nærtenestesenter som er eit treårig prosjekt der målet er å gjere innbyggarane i betre stand til å klare seg sjølv og å gjere statlege publikumstenester meir tilgjengelege i heile Noreg.  Vi tilbyr mellom anna hjelp til digitale tenester, utlån av PC og pad, og temadagar. 

Les meir om tenesta

Vi gler oss til å få besøk av deg!

Innbyggarvert Zari Demirova. Kari Marie Øvrebøe