Nettsvindel blir stadig meir vanleg, og mange opplever at det kan vere vanskeleg å vite kva ein skal vere merksam på.
Henrik vil dele nyttige råd om korleis du kan kjenne igjen svindelforsøk, beskytte deg på nett og kva som er lurt å gjere dersom du skulle vere uheldig å bli utsett for svindel.
Dette blir ei lærerik og aktuell samling med høve til å stille spørsmål og få gode tips i ein hyggeleg atmosfære.
- Enkel servering
- Biblioteket
- Torsdag 10. september kl. 12.00
Ta gjerne med ein ven eller nabo. Vi gler oss til å sjå deg!