Vart overraska med Arbeidsmiljøprisen

Vart overraska med Arbeidsmiljøprisen

Kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde er tildelt Ulstein kommune sin arbeidsmiljøpris for 2020. 

Norunn Kirkebø Elde er tildelt Ulstein kommune sin arbeidsmiljøpris for 2020. Janne-Marit Myklebust  

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

- Heilt uventa! Eg er rørt og overraska, sa Norunn, då ho fekk overrekt prisen på ei samling på Sjøborg kulturhus, 8. mars.

Ho var ein av ni nominerte til Arbeidsmiljøprisen 2020.

- Vi hadde mange gode kandidatar, og alle hadde sine favorittar, men alle var også samde om at det var Norunn som fortente prisen mest denne gongen, sa Heidi Strand frå arbeidsmiljøutvalet, som fungerer som jury for prisen.

Ulstein sin eigen "Espen Nakstad" 

Grunngjevinga var kort og konsis: "Ho er Ulstein kommune sin Espen Nakstad. Alltid roleg og blid og alltid tilgjengeleg. Ho har hatt med seg jobben 24/7 det siste året. Planen var å trappe ned og planlegge pensjonisttilveret."

I staden vart det altså fullt fokus på arbeid og på koronapandemien.

Ei overraska Norunn Kirkebø Elde med diplomen som viser at ho er tildelt Arbeidsmiljøprisen 2020. Janne-Marit Myklebust   

Prisvinnaren takka varmt, og seier også at det er svært mange andre som også hadde fortent prisen for ekstraordinær innsats i fjor.

- Men du har vore ei trygg klippe, og alltid til stades, både for oss i kommunen, men også for innbyggjarane i Ulstein, var blant rosen ho fekk frå medarbeidarane sine, då prisen vart delt ut.  

Prisen er eit diplom og 10.000 kroner.