Elevane i 7. klasse ved Ulstein barneskule har hatt uteskule med matlaging i fjøra.
Norunn Lindvik Velsvik
Det nærmar seg sommarferie, og elevane ved Ulstein skule har hatt uteskule for å kose seg litt ekstra.
Nokre klasser har vore på fjellet, medan andre har vore i fjøra og leita etter krabbar og småkryp.
7. klasse ved Ulstein skule har laga sjusteinsomn i fjøra.
Elevane kunne lage lunsjen sin i steinomnen dei laga.
Norunn Lindvik Velsvik
Denne omnen er bygd med sju steinar og forma slik at den skal gi god varme til steiking av mat. Omnen må ha passeleg med trekk, og blir difor tetta med mose der glipa mellom steinane er for store.
Elevane lagar pizza i sjusteinsomnen.
Norunn Lindvik Velsvik
Elevane steikte både pizza, bollar, kanelsnurrar og sjokoladefondant i omnen dei hadde laga.
Og rektor ved Ulstein skule, Norunn Velsvik, fortel at sjokoladefondanten sjølvsagt vart servert med bringebær attåt.
Sjokoladefondant smakar best med friske bringebær!
Norunn Lindvik Velsvik
- Slike skuledagar er nokre av dei beste: motivert og aktiv læring, engasjement og tverrfagleg arbeid, seier rektor.
Elevane i 7. klasse kunne kose seg med maten dei hadde laga i steinomnen i fjøra.
Norunn Lindvik Velsvik
Elevane kunne nyte dagen ute i fjøra.
Norunn Lindvik Velsvik
Det trengst brensel til den vedfyrte steinomnen i fjøra.
Norunn Lindvik Velsvik