Ulsteinskulen - mot 2025

Ulsteinskulen - mot 2025

Elevar frå Ulsteinvik barneskule på hengekøyetur på Nevstadnipa. Ole Terje Sukka  "Alle elevar i Ulsteinskulen skal oppleve å høyre til i eit trygt og godt læringsmiljø på sin skule. Vi skal vere saman om meistring og mangfald!" Les vår ferske plan for Ulsteinskulen - mot 2025.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Elevane er livsnerven i skulen. Dei fyller korridorar og klasserom med lyd og liv. I Ulstein skal det vere godt å gå på skule, både fagleg og sosialt. Vi jobbar alltid for å gjere ting betre.

Skulane i Ulstein kommune skal vere utviklingsorienterte og framoverlente. Har du ein elev i Ulsteinskulen? Eller kanskje du er elev sjølv? Då kan det vere verdt å ta ein kik på "Ulsteinskulen mot 2025 - strategi for kvalitet (PDF, 4 MB)". Her kan du lese om ønskjer og tankar om skulekvardagen i Ulstein kommune, frå elevperspektiv, foreldre/føresett-perspektiv og skulen sitt perspektiv.

Her finn du også andre dokument som kan vere aktuelle om du har barn i barnehage eller skule i Ulstein kommune.