Ulstein kommune søkjer lokale til eigedomsavdelinga

Ulstein kommune søkjer lokale til eigedomsavdelinga

Ulstein kommune skal kartlegge aktuelle lokale for eigedomsavdelinga og ønskjer kontakt med eigarar som har næringseigedom til sal eller langsiktig utleige.

Driftsavdelinga held i dag til i leigde lokale, men må vere ute av desse seinast 1. juni 2027. 

Kommunen har derfor starta arbeidet med å finne nye og tenlege lokale. 

Formannskapet har gitt administrasjonen mandat til å undersøkje aktuelle alternative lokalitetar, der både kjøp og leige kan vurderast.

Kva ser vi etter?

Vi søkjer ein eigedom som kan gi gode og funksjonelle rammer for driftsavdelinga, og som bør kunne dekke behovet i eit minimum 10-årsperspektiv.

Aktuelle lokale bør kunne tilby:

  • minimum 5 lukka kontor og om lag 10 opne kontorarbeidsplassar 
  • pause-/møterom  
  • garderobe- og sanitærfasilitetar for inntil 5 kvinner og 12 menn 
  • varmtlager på om lag 50 m² 
  • verkstad på om lag 30 m² 
  • anna nødvendig lagerplass 
  • eigna areal for lagring utandørs 
  • parkering for minimum 10 tenestebilar, med moglegheit for ladepunkt 
  • tilstrekkeleg parkering for tilsette 
  • gode tilkomstforhold for driftsbilar, varelevering og større køyretøy 
  • tenleg uteareal for den daglege drifta 

 

Lokaliseringa bør vere driftsmessig sentral i høve kommunen sine bygg og anlegg. Saunesmarka/sentralanlegget og område med tilsvarande plassering er døme på ei tenleg lokalisering.

Eigedommen treng ikkje oppfylle alle krava fullt ut i dag. Lokale som med rimelege og gjennomførbare tilpassingar kan dekke behova, vil også bli vurderte.

Kommunen vurderer både kjøp og langsiktig leige.

Har du ein eigedom som kan vere aktuell, ønskjer vi ei kort skildring av eigedomen med informasjon om areal, plassering, uteareal og parkering, når lokala kan vere disponible og om eigedomen er aktuell for sal, leige eller begge delar.

Frist for å melde interesse: 23.09.2026

Kontakt

Ottar Håkonsholm
eigedomssjef