Ulstein kommune har gjennomført ei behovskartlegging som viser behov for fleire mindre, sentrumsnære bustader.
Vi ønskjer no å kome i dialog med private utbyggarar og eigedomsaktørar for å undersøkje om det finst aktuelle prosjekt som kan realiserast dei næraste åra.
Kommunen er særleg interessert i prosjekt der ein del av bustadene kan nyttast til utleige gjennom ei tilvisingsavtale. Dette kan vere ein del av eit større bustadprosjekt, der utbyggar også utviklar andre bustader for sal eller utleige.
Ulstein kommune inviterer til dialogkonferanse med utbyggarar i kommunestyresalen på rådhuset torsdag 19. november frå kl. 17.00.
Dialogkonferanse
På konferansen vil kommunen presentere behovskartlegginga og kva type bustader ein ser etter.
- Vi legg også opp til at Husbanken orienterer om tilvisingsavtalar, finansieringsordninga og eksempel på tilvisingsavtalar. Vi ønskjer ein open dialog med utbyggarar og eigedomsaktørar om aktuelle prosjekt, moglegheiter og utfordringar, seier einingsleiar for eigedom i Ulstein kommune, Otytar Håkonsholm, og understrekar at konferansen er open for alle interesserte aktørar. Det er ikkje nødvendig å ha eit ferdig prosjekt for å delta.
- Dialogkonferansen er ein innleiande marknadsdialog. Kommunen har ikkje valt utbyggar eller teke stilling til konkrete prosjekt. Eventuelle avtalar vil bli vurderte i ein seinare prosess, seier Håkonsholm.
Kva er ein tilvisingsavtale?
Ein tilvisingsavtale er eit samarbeid mellom kommunen og ein profesjonell utleigar. Kommunen får rett til å tilvise leigetakarar til ein del av utleigebustadene over ein periode på minst 20 år, medan den private aktøren eig og leiger ut bustadene.
For utbyggar kan ordninga vere økonomisk interessant gjennom gunstige lånevilkår i Husbanken. Ho kan også bidra til meir føreseieleg etterspurnad etter utleigebustadene.
På dialogkonferansen vil vi forklare nærare korleis ordninga fungerer, kva finansieringsmoglegheiter som finst, og korleis ho eventuelt kan nyttast i aktuelle prosjekt.
Kva vil kommunen legge vekt på?
Ved vurdering av aktuelle prosjekt vil kommunen særleg sjå på:
• Lokalisering: Kommunen vil prioritere sentrumsnære prosjekt som byggjer opp under 300-metersbyen, med kort avstand til sentrale funksjonar, kollektivtransport og kommunale tenester. Nærleik til eksisterande tenestebasar vil vere særleg relevant.
• Bustadtypar: Hovudvekt på mindre leilegheiter, særleg toromsbustader, men også andre storleikar kan vere aktuelle.
• Tilgjengelegheit: Funksjonelle og aldersvennlege bustader, med god tilkomst, tilgjengelege bad og heis der det er aktuelt.
• Husleige: Eit gunstig og føreseieleg husleigenivå som er tilpassa målgruppene kommunen ønskjer å hjelpe.
• Bustad- og bumiljøkvalitet: Gode planløysingar, uteområde og eit trygt og godt bumiljø.
• Gjennomføring: Prosjekt som kan realiserast i løpet av dei næraste åra.
Dette er førebelse kriterium som kommunen ønskjer å drøfte med marknaden.