Ivar Kvaal/DSB
Årets tema for eigenberedskapsveka 2025 er felles eigenberedskap, med fokus på samarbeid og fellesskap. Eit sterkt lokalsamfunn er ein viktig ressurs når noko uventa skjer.
Ved bortfall av viktige tenester som straum, mobilnett eller vatn, må innbyggjarane kunne klare seg sjølve i minst éi veke. Dette gir nødetatane og kommunen tid til å hjelpe dei som treng det mest. Eigenberedskap handlar om å vere førebudd, slik at du kan ta vare på deg sjølv og bidra til tryggleik for andre.
Last ned sjekkliste for eigenberedskap
Planlegg din eigenberedskap
Kva er ein beredskapsvenn?
Ein beredskapsvenn er nokon du kan samarbeide med om beredskap.
Ein beredskapsvenn kan bidra med:
- førstehjelp ved skader
- omsorg og støtte
- opphald og overnatting ved evakuering
- oversetting og forklaring av informasjon frå styresmaktene
- praktisk hjelp med utstyr og verktøy
- innkjøp, bering og transport
- bytte eller lån av utstyr og varer
- lån av mobiltelefon med anna nettverk
- felles matlaging og deling av ressursar
Har du det du treng for ei veke?
Tenk gjennom kva du og familien din treng for å klare dykk utan straum, vatn og mobilnett i minst éi veke. Det handlar ikkje om å hamstre, men om å vere klokt førebudd. Her er nokre viktige punkt:
- Ha skriftleg oversikt over medisinar
- Sørg for tilgang til mat og drikkevatn
- Ha lyskjelder som batteridrivne lykter
- Sikre tilgang til informasjon, til dømes batteridriven radio
- Lag ei liste på papir over viktige kontaktar og behov
Ivar Kvaale/DSB