Tre Ulstein-lag viste skaparglede og framtidstru i FIRST LEGO League

Tre Ulstein-lag viste skaparglede og framtidstru i FIRST LEGO League

Det var mykje å vere stolt av for Ulstein kommune då FIRST LEGO League samla 25 lag i Volda campus arena.

Hasund fiskane frå Hasund skule - Klikk for stort bileteHasund fiskane frå Hasund skule Maya Eikrem Nautvik, medium og kommunikasjon, Volda vidaregåande skule.

Frå kommunen deltok Søpplicus frå Ulsteinvik barneskule, Team Haddal frå Haddal skule og Hasund fiskane frå Hasund skule. For både Haddal og Hasund var dette første gong dei var med – og dei tok utfordringa på strak arm. 

Ekstra kjekt var det at Hasund fiskane fekk andreplass i prosjektprisen. Elevane imponerte med arbeidet sitt med å undersøkje ei utfordring og utvikle og presentere eit eige løysingsforslag. Ein slik pris i debutsesongen er noko både elevar og lærarar kan vere verkeleg stolte av. 

Men det er langt meir enn premiane som gjer dette til ei gladnyheit. På Ulsteinvik barneskule, Haddal skule og Hasund skule har det vore lagt ned eit stort og verdifullt arbeid i vekene før turneringa. Elevane har utforska årets tema, biologisk mangfald, leita etter kunnskap, diskutert idear og arbeidd seg fram til eigne løysingar. Samtidig har dei bygd og programmert robotar, testa, feila, justert og prøvd igjen. 

Det er nettopp når noko ikkje går som planlagt, at mykje av læringa skjer. Elevane oppdagar at dei kjem lenger ved å hjelpe kvarandre, stille nye spørsmål og våge å tenkje annleis. Nokon finn si styrke i programmering, andre i kreativ problemløysing, undersøkingar eller formidling. I FIRST LEGO League er det bruk for alle. 

Læring for ei framtid vi enno ikkje kjenner 

Ingen veit heilt korleis arbeidslivet og samfunnet vil sjå ut når desse elevane blir vaksne. Men vi veit at evna til å samarbeide, vere nysgjerrig, forstå teknologi, tenkje kritisk og finne nye løysingar vil vere viktig. Dette er ferdigheiter elevane får øve på i praksis gjennom FIRST LEGO League. 

Slik er satsinga også eit godt døme på kva Ulsteinskulen ønskjer å gi barna: lærelyst, meistring, fellesskap og mot til å utforske. Elevane får ikkje berre lære om verda rundt seg. Dei får erfare at dei sjølve kan vere med på å forme henne. 

Ein særleg stor takk går til lærarane og rettleiarane ved dei tre skulane. Det er deira engasjement, tolmod og arbeid i klasseromma som gjer slike opplevingar moglege. Og ikkje minst fortener alle elevane ros for innsatsen, ideane og viljen til å prøve noko nytt. 

Hasund fiskane sin prosjektpris er ei flott anerkjenning. Den største gevinsten tek likevel alle tre laga med seg vidare: erfaringa av å skape noko saman – og trua på at eigne idear er verdifulle. 

FIRST LEGO League på Søre Sunnmøre er ei regional skulesatsing med støtte frå Sparebanken Møre gjennom TEFT.