Til minne om Asbjørn Flø

Til minne om Asbjørn Flø

Asbjørn Flø - Klikk for stort bileteAsbjørn Flø var ordførar frå 1979 til 1987. Per Eide Ulstein kommune har med sorg motteke meldinga om at tidlegare ordførar Asbjørn Flø er død, 87 år gamal.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Det er ein av dei verkelege veteranane i lokalpolitikken og samfunnslivet vårt som no er gått bort.

Flø sat i kommunestyret som representant for Senterpartiet i tjue år, frå 1971 til 1991. I åtte år, frå 1979 til 1987, tente han som ordførar.

Også etter at han gjekk ut av dei folkevalde verva, var Flø særs aktiv i det lokale ordskiftet. Han var ei verkeleg eldsjel med hjarte for meir enn seg og sitt.

Derfor var det heilt på sin plass at Flø i 2014 vart invitert til Afternoon Tea med Kongen og Dronninga på Slottet, då dei ville heidre nettopp nokre eldre eldsjeler.

Og så seint som i fjor var Flø med på Senterparti-lista til kommunestyrevalet for perioden vi no er inne i.

Dei siste åra var Flø også ein av dei mest trufaste deltakarane på folkemøta i kommunen – alltid med eit engasjert innlegg eller to.

Vi minnest Asbjørn Flø med glede og takk for den store innsatsen han gjorde for lokalsamfunnet.

Knut Erik Engh, ordførar