Snorklipping må til! Frå venstre prosjektleiar Idar Brekke frå Ulstein Eigedomsselskap, ungdomsrådet ved Sveinung B. Snipsøyr, Julie V. Poulsen, Astrin Eline Anderson og Ella Tødenes, og Frode Volla frå Ulstein Eigedomsselskap.
Marie Flatin
Aktivitetsparken Skollebakken er endeleg ferdig og klar til bruk. Frå før er området rusta opp med gapahuk og parkour-anlegg med midlar frå Gjensidige. Men Ulstein Eigedomsselskap som har hatt tilsyn med dei andre leikeapparata i aktivitetsparken såg at det var behov for meir vedlikehald for å gjere området trygt.
Aktivitetsparken tilbyr varierte aktivitetar for barn og unge.
Marie Flatin
Utearealet høyrer til den gamle barnehagen som låg der, men huset har sidan 2011 vore fylt med ny aktivitet i form av mellom anna frivilligsentral og ungdomsklubb.
– Eigedomsselskapet tok kontakt med oss og ønskte medverknad i korleis parken skulle verte utforma, og ungdomsrådet har aktivt vore med i prosessen og fått vere med å utforme og velje apparat. Målet er at dette skal vere ein fin stad for alle, også for litt eldre barn og ungdom, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin.
Varaordførar Lisa Mari Breivik Anderson var med og sa nokre ord under den offisielle opninga.
Marie Flatin
Aktivitetsparken ligg sentralt til – eit steinkast frå Amfi, og like ved vert det også bygd nye omsorgsbustader, med god sikt ned mot området.
– Ungdomane er glade for at dei har fått vere med å seie kva dei ønsker, og så trur og håper vi at aktivitetsparken vil vere til glede for alle barn og unge i Ulstein! seier Flatin.
– Ta godt vare på han!
Reie, dumpe, opplyst gapahuk og anna kjekt.
Marie Flatin
Ungdomsrådet og eigedomsselskapet kan seie seg nøgde med innsatsen og resultatet av "nye" Skollebakken aktivitetspark.
Marie Flatin