Det har vore fleire hendingar i Ulstein kommune der elevar vert forsøkt lokka inn i bil. Vi og politiet jobbar for å halde elevane våre trygge.
Dette har skjedd i ulike skulekrinsar i kommunen. I alle tilfella har elevane handla rett og varsla ein vaksen med ein gong.
Vi tek desse situasjonane alvorleg.
Dette gjer vi no
- Kommunen er i tett dialog med politiet som har ansvaret for saka
- Vi har auka bemanninga utandørs ved skulane
- Tilsette er orientert og er ekstra merksame. Dei vil notere ned informasjon om noko er uvanleg. All informasjon vert sendt vidare til politiet.
Dette er råda til føresette
- Ta kontakt med politiet dersom de har informasjon som kan vere relevant. Om de skal snakke med elevar som har opplevd hendingar er det viktig å stille opne spørsmål. Ikkje kom med ledande spørsmål som «Hadde han kort eller langt hår…». Slike spørsmål kan forstyrre etterforskinga, då dei kan påverke barna sine svar. Lat politiet vere dei som stiller spørsmåla.
- Fortel barna at
- dei ikkje skal gå inn i bil eller følgje med framande personar, sjølv om dei tilbyr noko eller seier dei kjenner familien
- dei må halde seg til kjende og trygge område, og unngå å gå åleine når det er mogleg
- Avtal klare rutinar for skuleveg og fritidsaktivitetar, slik at barnet veit kven som hentar og korleis dei skal gå heim
- Barn bør varsle ein vaksen om noko uvanleg skjer. Vaksne må ringe politiet sin tipstelefon (02800).
- Snakk med barnet om å stole på magefølelsen – dersom noko kjennest feil, skal dei gå vekk og søke hjelp hos vaksne dei kjenner.
Vi forstår at dette kan skape uro, men vi gjer alt vi kan for å sikre tryggleiken til elevane våre. Takk for at de samarbeider med oss i dette viktige arbeidet.
Publisert 25.11.2025 14:28
Sist endra 25.11.2025 14:30