Skjermdump frå tvaksjonen.no
Rangering nasjonalt er Ulstein på 103. plass av totalt 358 kommunar i landet, fordelt på innbyggarar.
Totalt i Noreg er det per 22.10.2024 samla inn 366 877 195 kroner.
Kari Marie Øvrebøe
- Eg er svært stolt og glad over innbyggarane i Ulstein, som viser at dei bryr seg ved å engasjere seg, seier varaordførar Lisa Mari Breivik Anderson, som også har leia TV-aksjonskomiteen i Ulstein.
Vi klarte å dekke alle dei 77 rodene, og bøsseberarane samla inn 118 115 kroner i bøssene - noko som tilsvarar 1 534 kroner per bøsse (vipps kjem i tillegg).
Ho vil også rette ein takk til næringslivet i Ulstein for rause gåver og fantastisk innsats med 162 014 kroner. Sist, men ikkje minst - skulane har bidratt med 239 508 kroner og barnehagane har stått for 6 500 kroner.
Pengane i år går til Barnekreftforeningen sitt arbeid for å etablere familiehus nær sjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo, der alvorleg sjuke barn kan vere saman med familien sin medan dei får behandling.
For eit djupdykk i statistikken for Ulstein og andre kommunar, kan du sjekke ut TV-aksjonen si nettside.