Sykkelgåve frå Saniteten

Sykkelgåve frå Saniteten

Fredag 27. februar kunne rektor Hedvig Haakonsholm og ein heil skulegard full av elevar smile frå øyre til øyre i kapp med vårlege temperaturar på Hasund skule. 

Å få nye leiker er ikkje lenger kvardagskost - så når Hasund og Sundgot sanitetsforeining kom med fire flunkande nye syklar av beste kvalitet i gåve, var det stor stemning i skulegarden. Hedvig leia ei kort, lita overrekking til spente elevar som stod i kø for å ta dei nye syklane i bruk.

“Vi er svært takknemlege for gåva sanitetskvinnene har gitt til oss. Dette vil bli mykje brukt". 

Og det var ikkje vanskeleg å sjå at elevane var einige.  

Hasund og Sundgot sanitetsforening kom med ei kjærkomen gåve til elevane ved Hasund skuleRektor Hedvig Haakonsholm passa på at alle fekk prøve dei nye syklaneDrosje-næringa ser ut til å ha god rekruttering. Sjølvsagt med nullutsleppskøyretøyIkkje vanskeleg å finne fram smilet på ein slik dag Ole Terje Sukka