Stor givarglede i Ulstein

Stor givarglede i Ulstein

Innbyggarane i Ulstein gav så det monna under TV-aksjonen, og samla inn over 700 000 kroner. Det er nest mest i fylket.

Marie Flatin og dottera Bella i aksjon under TV-aksjonen. privat
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

- Ein kjempeinnsats frå alle involverte, rosar TV-aksjonskomiteleiar i Ulstein, Stian Skorgen Scheide. 

Resultatet måndag klokka 13.00 viser at folk i Ulstein har gitt til saman 731 121 kroner til TV-aksjonen.

Det plasserer Ulstein på ein 36. plass nasjonalt av landets 356 kommunar, og ein 2. plass i fylket.

Sjå fullstendig og oppdatert informasjon her

Stian har sjølv teke beina fatt saman med alle fire barneskulane i kommunen, og har vore med på løp til inntekt til TV-aksjonen. Det kan du få ein smakebit av her: