Sterk og stødig

Sterk og stødig

Gratis treningstilbod for vaksne og eldre over 65 år.

Mann i blå skjorte som trenar med ein raud manual. - Klikk for stort bileteIllustrasjon. Adobe Stock

Sterk og stødig er eit nasjonalt treningskonsept for seniorar, der vi jobbar mykje medstyrke og balansetrening, med mål om å forebygge fall og bevare funksjon. Treningstilbodet blir leia av frivillige instruktørar etter rettleiing og oppfølging av kommunefysioterapeutane.  

Målgruppa er vaksne og eldre over 65 år som bur heime i eigen bustad, og som klarer seg utan særleg hjelp frå kommunen, men som kjenner at styrken eller balansen ikkje er like god som før. Du må kunne gå innandørs utan ganghjelpemiddel, som krykker eller rullator. 

Tilbodet er populært, og det er difor to tidspunkt å velje mellom for dei som ønsker å trene. Det er berre å møte opp!

    • Torsdagar i Holsekerdalen 20, i stova i andre etasje
    • Klokka 09.00 og klokka 10.00
    • Du treng ikkje å melde deg på
    • Tilbodet er gratis
    • Hugs gode innesko og vatn