Ulstein er heldige som har så mange ungdomsfrivillige.
Ulstein kommune
Kvart år arrangerer biblioteka Sommarles; ein lesekampanje for barneskuleelevar i sommarferien.
Kampanjen varer frå 1. juni til 31. august, og deltakarane får poeng for å lese og registrere så mange bøker dei berre orkar i løpet av sommarferien.
Deltakarane vinn digitale trofé og små premiar dei kan hente på biblioteket.
Over landssnittet
I Ulstein har 31,4% av barna i Sommarlesalder vore med i kampanjen, og lest 5000 bøker.
Deltakartalet for Møre og Romsdal var 29% og i landet elles var det 29,5%.
Ulstein feira den gode deltakinga med trekking av premiar og framsyning av filmen «Karsten og Petra på skattejakt» i biblioteket, til stor glede for store og små.
Over 100 personar var innom biblioteket denne dagen, og mange tok også turen opp trappa til idrettshallen der Generasjonsleikane vart arrangert.
Mange kom til avslutninga av årets Sommarles på biblioteket, der dei m.a. fekk sjå "Karsten og Petra på skattejakt".
Ulstein kommune
Generasjonsleikane – unge og eldre på same lag
Genrasjonsleikane er eit arrangement med aktivitetar som bidreg til mangfald og inkludering på tvers av generasjonar, med både underhaldning og moro for deltakarar i alle aldrar.
Leikane skulle vere i Saunesparken, men vart flytta inn i idrettshallen grunna veret.
I idrettshallen kunne deltakarane vere med på m.a. rullatorløp, potetløp, hekkeløp,bowling, tautrekking og diskgolf. Dei som ville ta ein liten pust i bakken kunne også spele sjakk.
Alle lag måtte ha med minst to generasjonar, som gav samspel og moro for både unge og eldre.