Slik vil dei ruste skulane og barnehagane for framtida

Slik vil dei ruste skulane og barnehagane for framtida

Tre grunnskular i Ulstein kommune, og ein stor ny sentrumsbarnehage er forslaget frå kommunedirektøren.

Karen og Jarl Martin med rådhuset i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteKommunalsjef oppvekst og kultur, Karen Strand og kommunedirektør Jarl Martin Møller. Janne-Marit Myklebust

Kommunedirektøren er klar med tilrådinga si til dei folkevalde i Ulstein:

Ulstein kommune skal ha tre skular

  • Ulstein ungdomsskule
  • Ulsteinvik barneskule
  • Hasund skule

Ulstein skule og Haddal skule er dermed foreslått lagt ned, og elevane frå desse to skulane er foreslått flytta til Ulsteinvik barneskule. 

Dersom dei folkevalde går for dette alternativet vil det vere naudsynt å opprette fire nye klasser ved Ulsteinvik barneskule. Skulen vil då nytte 25 av 29 klasserom, og har framleis kapasitet for vekst.

Innsparinga vil vere på 19,5 millionar kroner.

– Vi veit at dette er store endringar og at det vekker sterke kjensler. Men vi er trygge på at dette er vegen vi må gå. Barnet sitt beste ligg i å sikre stabile, inkluderande og trygge oppvekstmiljø – og det får vi best til når vi nyttar ressursane smart og målretta, seier kommunalsjef oppvekst og kultur, Karen Strand.

Det er kommunestyret som har bede administrasjonen om å vurdere framtidig ressursbruk, struktur og kapasitet i barnehagar og skular i Ulstein kommune.

Bruk av skulebygg

Dersom dei folkevalde vel å legge ned Ulstein skule, foreslår kommunedirektøren at det her vert etablert ein ny sentrumsbarnehage. Almejordet barnehage er då foreslått flytta/slått saman med denne.

Ny barnehage i Hasund krins vert bygd slik kommunestyret har vedtatt i desember 2024, men innanfor dei økonomiske rammene som er vedtatt. 

For Haddal skule er forslaget at bygget vert nytta til kontorbygg for eigne tilsette, interkommunale tenester og utleige.

Tidslinje

Saka skal opp i alle politiske utval i kommunen.

  • fellesrådet 3. juni 
  • levekårsutvalet 4. juni
  • ungdomsrådet 5. juni 
  • teknisk utval 5. juni
  • formannskapet 10. juni
  • kommunestyret 19. juni.

Det er kommunestyret som har siste ord i saka før sommaren, og som tek stilling til om saka skal ut på høyring. Det vil då vere mogleg for alle som ønsker det å kome med innspel, før saka skal opp til endeleg handsaming i septembermøtet.