Skal skape trivsel i Trivselsgata

Skal skape trivsel i Trivselsgata

Eit grønare – og litt rosa, meir inkluderande og sosialt bygolv. Det er målet når Ulstein Næringsforum og Ulstein kommune går saman om å ruste opp Trivselsgata. 

Rebekka og Cecilie framfor rosa vegg. - Klikk for stort bileteRebekka Knotten og Cecilie Roppen er klar for å ta tak for Trivselsgata. Janne-Marit Myklebust

Trivselsgata er eit toårig samarbeidsprosjekt mellom Ulstein Næringsforum (UNF) og Ulstein kommune, og skal gjere det beste ut av allereie eksisterande byrom i Ulsteinvik sentrum – med mål om å gjere det tryggare og kjekkare for gåande og handlande.

– Tøffe økonomiske tider treng ikkje å vere ein brems for utvikling. Takka vere støtte frå fylket og partnarar i næringslivet har vi ein pott med midlar som er øyremerkte til nettopp slike tiltak - eit grønare, meir inkluderande og sosialt bygolv. Plassen mellom bygga kan vere attraktiv både i solskin og blest, og det kan gjerast med relativt enkle grep, seier sentrumskoordinator Rebekka Louise Knotten frå UNF.

Prosjektet har fått 800 000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune, 100 000 frå Kulturdepartementet, 300 000 frå Miljødirektoratet og 100 000 frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.

Prosjektgruppa vil svært gjerne ha innspel frå innbyggarane på kva tiltak dei ønsker seg. Dei kan du sende inn her: Innspel til Trivselsgata

Løftar fram gamle planar

Trivselsgata har vore i kommunen sine planar i over 20 år – Sentrumspassasjen. Kulturallmenningen og bussterminalen som kom på plass i 2007 var første trinn. No held arbeidet fram med gågatetrasé gjennom Ulsteinvik sentrum. Knotten og planleggar Cecilie Roppen frå Ulstein kommune lovar at det vil skje mykje dei to komande åra.

Kart som viser trasseen. - Klikk for stort bileteTrasseen til Trivselsgata går frå rådhuset, gjennom sentrum til Amfi.

– Dette er eit kjempespennande og nytenkande prosjekt som vidarefører tradisjonen som Ulstein er kjent for – å få til store sentrumsløft gjennom tett og solid samarbeid og open dialog mellom offentleg og privat næringsliv, seier Roppen.

Cecilie og Rebekka langs ein lang rosa vegg. - Klikk for stort biletePlanleggar Cecilie Roppen frå Ulstein kommune og sentrumskoordinator frå Ulstein Næringsforum, Rebekka Knotten tek ei synfaring til Ulsteinvik sentrum sin friskaste vegg. Janne-Marit Myklebust

Sentrumskoordinator i UNF, Rebekka Louise Knotten, er prosjektleiar, og i prosjektgruppa sit dagleg leiar i UNF, Anna Klara Måseide, Cecilie Roppen og Inger Lise Kaldhol frå Ulstein kommune, og Siri Myklebust og Ingvild Yri frå Norconsult.

Og du skal ikkje sjå vekk frå at du kjem til å sjå meir av vår nye ven Ulstein-bia også:

Illustrasjon av bier og rosa blomster på asfalt. - Klikk for stort bilete Tegneren