Skal greie ut korleis kommunane kan organiserast i framtida - Ulstein kommune

Skal greie ut korleis kommunane kan organiserast i framtida

Skal greie ut korleis kommunane kan organiserast i framtida

Herøy, Sande og Ulstein kommune har starta arbeidet med å sjå på korleis kommunane kan vere organiserte i framtida. Kommunane har no bede eksterne fagmiljø om å kome med tilbod på ei utgreiing av framtidig kommunestruktur.

Pressefoto

Bakgrunnen er at ein ønskjer eit godt og kunnskapsbasert grunnlag før politikarane tek stilling til vegen vidare.

Kvifor ei slik utgreiing?

Samfunnet er i endring. Folketalet utviklar seg annleis enn før, økonomien blir meir pressa, og krava til kommunale tenester aukar. Difor ønskjer kommunane å få ei samla vurdering av kva som kan vere ei tenleg organisering i framtida.

Utgreiinga skal sjå på både dagens situasjon og utviklinga på lengre sikt. Ho skal mellom anna ta for seg:

  • korleis folketalet utviklar seg
  • økonomi og bereevne
  • samfunnsutvikling og næringsliv
  • korleis kommunane kan løyse sine viktigaste oppgåver på ein god måte

Ikkje eit vedtak om samanslåing

Det er viktig å understreke at dette ikkje er eit vedtak om kommunesamanslåing. Utgreiinga skal gi oversikt, kunnskap og moglege alternativ, men ho inneber ingen avgjersle i seg sjølv.
Arbeidet skal liggje på eit overordna nivå og gi politikarane eit godt grunnlag for vidare vurderingar og diskusjonar i kvar kommune.

Tidsplan og kostnadsramme

Utgreiinga har ei øvre kostnadsramme på 1,3 millionar kroner. Av dette er:
• 1,0 million kroner sett av til hovudutgreiinga
• 0,3 million kroner knytt til mogleg tilleggsarbeid, dersom det blir behov for det
Hovudutgreiinga skal vere ferdig seinast 21. september 2026.

Kostnadane til utgreiinga er dekte av staten.

Tilbodsfrist

Fristen for å levere tilbod på oppdraget er 7. mai 2026.
Vidare informasjon om oppdraget og kva som skal utgreiast, ligg i konkurransegrunnlaget.

Kontaktpersonar: 

Ordførarane

Om 3K-samarbeidet:

3K-samarbeidet er eit initiativ mellom Herøy, Sande og Ulstein der ein greier ut ei mogleg kommunesamanslåing.

Tre personar smmilar og held opp ein avtale - Klikk for stort bileteOrdførarane i Sande, Herøy og Ulstein. Frå venstre Dag Vaagen, Ann-Kathrin Tine Storøy, Stian Skorgen Scheide Pressefoto