Sjå filmane om framtidas Ulsteinvik og sei meininga di

Utsnitt av arkitektforslag til sentrumsutvikling - Klikk for stort bilete Nordic Office of Architecture / Kaleidoscope og COWI Korleis kan Ulsteinvik sentrum, Ulshaugen og Holsekerdalen utviklast? Sjå kva to arkitektgrupper ser føre seg – og fortel oss kva du meiner! 

  

Arkitektane har laga dette materialet til sluttseminaret for parallelloppdraget om utviklinga av sentrum, Ulshaugen og Holskerdalen

Nedanfor finn du ein film og ein pdf-presentasjon frå kvar av arkitektgruppene. 

No kan du også gå på Ulstein bibliotek og sjå utstillinga med plansjar som arkitektane har laga

 

Kom med innspel

Kva meiner du om det arkitektane foreslår? Send oss innspel og kommentarar til adressa sentrumsutvikling@ulstein.kommune.no

Fristen for å sende innspel i denne omgangen, er 27. september. Seinare vert det ein formell planprosess for områdeplanen for sentrum, der du også er velkomen til å gi innspel. 

 

Forslaget frå Nordic – Office of Architecture 

TEAM NORDIC - Rapport A3 (PDF, 37 MB)

 

Forslaget frå Kaleidoscope og COWI

Kaleidoscope og Cowi - Rapport A4 (PDF, 22 MB)