Silje er Årets arkivar 2022

Silje er Årets arkivar 2022

Arkivleiar i Ulstein, Silje Ekroll Riborg, er kåra til Årets arkivar i Møre og Romsdal.

Arkivleiar Silje Ekroll Riborg viser fram diplom og skål som ho fekk då ho vart kåra til Årets arkivar 2022. - Klikk for stort bileteArkivleiar i Ulstein, Silje Ekroll Riborg, er kåra til Årets arkivar 2022 i Møre og Romsdal. Janne-Marit Myklebust
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

– Silje har vore ei vitamininnsprøyting i dokumentsenteret i Ulstein sidan ho vart tilsett i mai 2021, står det mellom anna i grunngjevinga.

Prisen vart delt ut under ei samling i Kristiansund denne veka, i regi av Interkommunalt arkiv (ika) Møre og Romsdal.

Silje var nominert av medarbeidarar både i eigen kommune, og også frå nabokommunar.

– Ho har gjort mykje for å få på plass nye innsynsrutinar, restanserapportering og meir. Ulstein har fått topplassering i Åpenhetsbarometeret to år på rad som ein av dei mest opne kommunane i landet. Silje er svært endringsvillig, løysingsorientert og er positiv til ny funksjonalitet. Ho har mellom anna tatt initiativ til internopplæring i nytt saksbehandlingsprogram, både i eigen kommune og i nabokommunar. Ho er inkluderande, har ein hyggeleg veremåte, er initiativrik og ein sterk ressurs for arkivgruppa, er dei gjeve orda frå juryen.

Gratulerer, Silje!

LES OGSÅ: Landets tredje mest opne kommune