Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol og helsesjukepleiar Ann-Iren Brautaset forklarte at vaksinar hjelper immunforsvaret med å kjenne igjen og bekjempe sjukdommar, utan at vi først må bli sjuke.
Med alderen gir immumforsvaret dårlegare beskyttelse mot infeksjonar, og eldre er meir utsette for infeksjonar og alvorlege sjukdomsforløp. Samstundes kan det ta lengre tid å kome seg etter sjukdom. Derfor er vaksinasjon eit viktig tiltak for å halde seg frisk og redusere risikoen for alvorleg sjukdom.
Kommuneoverlegen anbefalte at alle held vaksinar mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio oppdaterte, og at dei over 65 år vurderer pneumokokkvaksine mot lungebetennelse. I tillegg er årlege vaksinar mot influensa og oppfriskingsdosar mot koronavirus viktige for mange eldre.
Dei informerte også om andre vaksinar som kan vere aktuelle, mellom anna vaksine mot helvetesild (herpes zoster), RS-virus og ulike reisevaksinar. Kva som er aktuelt vil variere frå person til person.
Vaksinasjon handlar ikkje berre om å beskytte seg sjølv. Når fleire er vaksinerte, bidreg det også til å beskytte personar som av ulike grunnar ikkje kan ta vaksinar. Dette blir kalla flokkimmunitet.
For dei som ønskjer å sjekke vaksinestatus eller bestille time til vaksinering, kan dette gjerast via kommunen sine nettsider eller ved å kontakte vaksinasjonskontoret.
Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol og helsesjukepleiar Ann-Iren Brautaset på SeniorTimen.
Ulstein kommune
Eldre og alkohol
I den andre delen av SeniorTimen snakka kommuneoverlegen om alkoholvanar blant eldre. Ho viste til at dagens eldre generasjon drikk oftare enn tidlegare generasjonar, samstundes som kroppen toler alkohol dårlegare med alderen.
Når vi blir eldre, bryt kroppen ned alkohol saktare, og same mengde alkohol gir høgare og meir langvarig promille enn før. Alkohol kan også påverke effekten av medisinar og auke risikoen for fall, blødingar og andre helseproblem. Særleg kan kombinasjonen av alkohol og sovemedisin, blodfortynnande eller enkelte andre legemiddel vere uheldig.
Eit viktig bodskap var at ein ikkje nødvendigvis må slutte å drikke alkohol, men at det er lurt å ha eit bevisst forhold til eigne alkoholvanar. Organisasjonen Av-og-til brukar omgrepet «alkovett», som handlar om å tenke gjennom når ein drikk alkohol, kor mykje ein drikk, og korleis alkoholen påverkar helse og kvardagsliv.
Tusen takk for eit lærerikt og aktuelt innlegg som gav deltakarane nyttig kunnskap om korleis dei kan ta vare på eiga helse gjennom vaksinasjon og gode alkoholvanar.