SeniorTimen - torsdag 12. mars
I dag får SeniorTimen besøk av kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust som vil halde eit fagleg innlegg om søvn og uro.
Bildet av Tomas B. Myklebust: Bendik Mansika.
Temaet er høgst aktuelt i ei tid der mange kjenner på indre uro - både i eigen kvardag og i møte med eit verdsbilete prega av konflikt og krig.
Foredraget gir innsikt i kva som påverkar søvnen vår, og korleis vi kan forstå og handtere uro på ein god måte.
Tid: Torsdag 12. mars kl. 11.30-13
Stad: Ulstein bibliotek, Vikemyra 2
Kom gjerne 15-20 minutt før foredraget startar for ein kopp kaffi og ein god prat.
Publisert 12.03.2026 08:40
Sist endra 12.03.2026 09:03