Samarbeidsavtale held feiegebyra nede

Samarbeidsavtale held feiegebyra nede

Ordførar Tine Storøy i Herøy og ordførar Stian Skorgen Scheide i Ulstein har fredag signert avtale om vertskommunesamarbeid for feiing og tilsyn med fyringsanlegg.

Ordførarane held avtalen mellom seg.  - Klikk for stort bileteOrdførarane Stian Skorgen Scheide frå Ulstein og Tine Storøy frå Herøy. Svein Arne Orvik/Herøy kommune

– Velkomen skal de vere, helsa Scheide til Herøy-ordføraren.

Feiing og tilsyn skal i dag vere behovsprøvd basert på ei risikovurdering av kvart enkelt fyringsanlegg. Og det er feiaren som gjer slik vurdering. Denne arbeidsmåten gjer vertskommunesamarbeid til ei betre eigna avtaletype, der det vert meir rasjonell utføring. Dette gjennom felles arkiv- og sakshandsamingssystem med programvaren kommunen nyttar for feie- og tilsynstenesta.

Saka var oppe til handsaming i kommunestyret 14. desember 2023.

For Ulstein og Hareid sin del betyr dette også at feiegebyra som i utgangspunktet var foreslått justert opp i samband med økonomiplanarbeidet, no kan halde seg på same nivå som i 2023. 

– Vi ser fram til samarbeidet. Sjølv om vi veit at Herøy skal ha tenesta ut på anbod i 2025, har eg stor tru på at dei også vert verande i samarbeidet i lang tid framover, seier Scheide.