Saman om ei trygg Jonsokfeiring

Saman om ei trygg Jonsokfeiring

Det er snart tid for Jonsokfeiring og brannvesenet minner om at du må melde ifrå om bålbrenning. Nokre stadar må du også søke om løyve til Jonsokbål.

sankthans, løyve til å brenne bål - Klikk for stort bilete Pixabay

 

Bålbrenning er ein lang tradisjon i Noreg for å feire midtsommar.

Sjølv om det er generelt bålforbod frå 15. april til 15. september, vil brannvesenet gi unntak på Jonsokaftan. Men dei ønskjer at du melder inn bålet ditt på førehand. 

Det er viktig for at brannvesenet skal ha oversikt over båla denne kvelden.

Du kan melde frå her

Ulstein kommune har også  ei lokal brannforskrift, med særskilde forbodssoner for bålbrenning. Om du ønskjer å tenne bål innanfor desse sonene, må du søke om godkjenning frå brannvesenet.

Det må du gjere seinast tre dagar før bålbrenninga skal gjennomførast for at brannvesenet skal ha tid til å godkjenne søknaden.  

Søk om bålbrenning i forbodssone

Brannsjef Olav Helt Brubakk med gul brannbil i bakgrunnen - Klikk for stort bileteBrannsjef i Ulstein og Hareid brannvesen, Olav Helt Brubakk. Ulstein kommune

 

 - Frå 15. april til 15. september er det forbod mot å tenne opp bål og grill i eller i nærleiken av skog, kystområde og anna utmark. Men etter klokka 12 på Jonsokaftan kan du tenne bål på stader med lite fare for brannspreiing, dersom det ikkje plagar eller uroar naboane. Hugs også at du må ha løyve frå grunneigar, seier brannsjef i Ulstein og Hareid brannvesen, Olav Helt Brubakk.  

 

 

Dei ulike forbodssonene i Ulstein kommune:

Kart over Ulsteinvik, Skeide og Flø som syner forbodssone for bålbrenning. - Klikk for stort bileteInnanfor forbodssona må du søke om å brenne bål. Kommunekart

 

Kart over Dimnøya som syner forbodssoner for bålbrenning i lilla farge. - Klikk for stort bileteForbodssone for bålbrenning. Kommunekart

 

Kart som syner forbodssoner markert i lilla på Haddal og Eiksund. - Klikk for stort bileteKart over forbodssonene på Haddal og Eiksund. Kommunekart

 

Her kan du lese meir om lokal brannforskrift i Ulstein kommune

Det er forskjell på bål og søppeldynge

Branningeniør Live Gandbeorg framfor gul brannbil - Klikk for stort bileteBranningeniør i Ulstein og Hareid brannvesen, Live Gandborg. Ulstein kommune

Ein kan ikkje kaste kva som helst på Jonsokbålet. Det er reglar for kva ein kan brenne. 

– Det er ikkje lov å brenne limt, impregnert, måla eller anna behandla treverk. Det skal berre vere reine materiale på bålet, seier branningeniør i Ulstein og Hareid brannvesen, Live Gandborg. 

Ho nyttar også høvet til å minne om at det alltid er den som brenn bål som har ansvaret for branntryggleiken.

– Kos dykk på Jonsokaftan, og hugs å rydde opp etterpå!