Russeknute i skogen - Ulstein kommune

Russeknute i skogen

Russeknute i skogen

I veke 18 og 19 inviterer Sundgotmarka dei andre førskuleborna i kommunen til felles leik i skogen for å bli kjent før skulestart

“Kven er klar for ein ny russeknute?” 

Pedagogisk leiar i førskulegruppa, Ole Markus Pilskog samlar saman gruppa og inviterer alle som ynskjer å få sisten-knuten. Sist knute var ispinne. Då var det om å gjere å klare å ete ein liten is på under to minutt.  No er det sisten i skogen med trea som friplassar.

“Eg blei først av alle til å ete opp”, seier ei av jentene stolt då dei fortel om kvifor det heng ein ispinne i halen til russelua si. I dag får alle som er med på sisten, ein ny knute i rosaruss-lua si.  

I Gjerdsbakk-skogen, like ovanfor Sundgotmarka barnehage, finn vi 11 born med heilt like rosa luer. Alle med “russenamn” på bremmen. Ungane er vant til å vere mykje ute, og spesielt desse to vekene er dei ute heile dagen.  

“Borna fekk sjølv vere med å velge kva russeknutar dei skulle ta, og sisten var ein av dei aller viktigaste knutane for mange”, seier Ole Markus i ein av pustepausane ved ein stubbe. “Vi passar på at det ikkje blir kjøpepress, og er tydelege med foreldra at vi ikkje ynskjer dei skal kjøpe inn andre rosaruss-effektar enn lua dei får i barnehagen”.

Snart er borna her ferdig i barnehagen, og fleire har gått saman i felles gruppe i  4-5 år. Når fotografen spør om dei er klare for å starte på skulen til hausten kjem det eit tydeleg JA! frå heile gruppa.  Men, før den tid skal dei ha kjekke veker i lag ute i skogen og samle ulike russeknutar i den fine rosa lua si.  Det er stas med besøk, og sjølv om fotografen prøver å gøyme seg litt bak kameraet, er det ingen tvil om at den utskremte må vere med på sisten. Her er alle med, både liten og stor!

Borna ventar spent på å få høyre om neste russeknuteFrå før har borna fått ete ein is på under to minuttOle Markus Pilskog gjennomgår reglane før borna får prøve seg på sisten-knutenGod stemning for både borna og dei vaksne. Jelena Vever er assistent i Sundgotmarka barnehageOlena Nemchenko syng vaskesong og deler ut våtserviettar før måltidetDagens russeknute er sisten-knuten. Nokre tre er bestemt til friplassar