Røystinga er open: - No skal vi ta sigeren heim!

Røystinga er open: - No skal vi ta sigeren heim!

Etter fire år på rad som nominert til årets maritime kommune, går Ulstein for gull.  

- No handlar det om å ta det siste steget, for denne utmerkinga høyrer heime i Ulstein!, er den tydlege oppmodinga frå ordførar Stian Skorgen Scheide.

Frå før har både gullet i fotball-NM og fleire friidrettsgull funne vegen til Ulstein via strålande prestasjonar frå idrettsheltane våre.

No er det Ulstein sine lange og stolte maritime tradisjonar som kan få sin velfortente gullmedalje.

Men for å nå målsetjinga til ordførar Stian Skorgen Scheide, treng han mobilisering og engasjement frå deg

– Den maritime næringa er sjølve ryggrada i lokalsamfunnet vårt, og alle som bur i Ulstein veit kor viktig den er. Overalt ser vi spor etter ei næring som har bidrege til trivsel, vekst og velferd, understrekar ordføraren. 

– No må vi som bur i Ulstein ta eit ekstra ansvar for å mobilisere endå ein gong. Vi har vore veldig nær siger før, denne gongen skal vi klare det heile vegen inn!

Årets maritime kommune 2026

Årets Maritime Kommune er ein nasjonal konkurranse som vert arrangert for fjerde gong av Maritimt Forum i samarbeid med Kystens Næringsliv. 

Konkurransen startar med ei folkerøysting, før det til slutt er ein jury som skal peike ut vinnaren, som vert kåra under Arendalsuka i august.

Finalistane er:

  • Ulstein
  • Grimstad
  • Sandefjord
  • Tromsø
  • Sola
  • Trondheim
  • Bømlo