Ellen Kvalsund frå Sparebanken Møre og Eli Marte Fjørtoft i Ulstein kommune.
Ulstein kommune
Over 40 deltakarar samla seg i biblioteket når Ellen Kvalsund frå Sparebanken Møre kom til SeniorTimen for å snakke om BankID og framtidsfullmakt.
To tema som tydeleg engasjerte dei frammøtte deltakarane.
BankID: digital nøkkel
Kvalsund byrja SeniorTimen med å fortelje om BankID; eit viktig verktøy for ei rekke digitale tenester.
– BankID er nøkkelen til mange tenester i kvardagen, alt frå nettbank til offentlege tenester, fortalte ho. Kvalsund kom med fleire råd om trygg bruk av BankID, om å forhindre svindel og om alternativa for dei som ikkje ønskjer å vere digitale.
– Alle har rett til å vere ikkje-digitale, og banken tilbyr fleire alternativ.
Ellen Kvalsund forklarar meir om alternativa for dei som ikkje ønskjer å vere digitale.
Ulstein kommune
Framtidsfullmakt
Neste team var framtidsfullmakt; kva gjer du om du ikkje lengre er i stand til å ta i vare dine eigne interesser i personlege eller økonomiske saker? Er det nokon du stolar på til å ta avgjerdene for deg?
- Ei framtidsfullmakt gir deg moglegheita til å bestemme dette på førehand, fortalte Ellen Kvalsund, og snakka meir om kva ei framtidsfullmakt er, kvifor det kan vere lurt å opprette ei, og kva du bør tenkje gjennom før du gjer det.
Dette hadde tydelegvis fleire av deltakarane tenkt over, og kom med gode og relevante spørsmål til temaet.
- Fleire og fleire er med
Det har kome fleire og fleire deltakarar på datakurset SeniorSurf og informasjonsmøta i SeniorTimen, noko prosjektkoordinator i Ulstein kommune, Eli Marte Fjørtoft, er svært glad for.
- Det er tydeleg at det er behov for digital opplæring, spesielt ser vi at det er aukande deltaking både på datakursa SeniorSurf og informasjonsmøta SeniorTimen. I tillegg ser vi ei stor auke i deltakarar på Senior Stikk Innom, der deltakarar kan kome tysdag og torsdagar kl 12-15 og få ein-til-ein rettleiing på biblioteket, fortel ho.
Komande torsdag er det nytt datakurs i SeniorSurf, der tema er betalingsappen Vipps og reiseappen Entur.
Det var over 40 deltakarar på SeniorTimen, noko som er ny rekord.
Ulstein kommune