Refleks reddar liv!

Refleks reddar liv!

To born ute i mørket, ei med og ein utan refleks. Janne-Marit Myklebust Mørket kjem brått på. Ser du begge borna på bildet? 21. oktober er den nasjonale refleksdagen, og ei god påminning om å leite fram refleksen, om du ikkje alt har gjort det.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Du ser billisten, men bilisten ser ikkje deg! Refleks reddar liv.

I ei pressemelding oppmodar Trygg Trafikk alle til å markere årets nasjonale refleksdag, 21. oktober. Finn fram refleksane dine, sjekk at dei framleis har effekt, og fest dei på ytterjakkene. Eller gå ut og kjøp deg ein ny liten livreddar denne dagen!

 

Refleksutdeling til ungdom i Ulstein/Hareid - Ørsta/Volda

I samarbeid med brannvesenet i Hareid og Ulstein og Volda og Ørsta, deler Trygg Trafikk ut refleks til ungdomsskuleelevar og elevar i vidaregåande skular i dette området på refleksdagen. 

- Det er denne gruppa som er dårlegast til å bruke refleks, seier Per Gjerde, regionleiar i Trygg Trafikk Møre og Romsdal.

- Vi engasjerer oss fordi vi ofte er først på skadestaden i trafikken. Vi ser kor viktig det er å bruke refleks. Vi veit at bruk av refleks kan redde liv, seier branningeniør i Hareid og Ulstein brannvesen.

Teljingar dei siste åra viser at det er rundt fire av ti som brukar refleks. Trygg Trafikk skal gjere nye teljingar i haust, og håper at talet vil stige.
 

Risikoen for å verte påkøyrd er minst dobbelt så stor i mørket som i dagslys. Utan refleks er du først synleg på 25-30 meters hald, mens du med refleks er synleg på 140 meters hald når bilen nyttar nærlys. Det gir bilføraren ti sekund, i staden for to sekund til å reagere, og det kan vere forskjellen på liv og død.  


Meir om refleks: https://www.tryggtrafikk.no/refleks/