Tidlegare Ulstein skule skal byggast om til Skeide barnehage
Erling Olav Storegjerde/Ulstein kommune
Ulstein kommune sitt arbeid med ombygging av tidlegare Ulstein skule til Skeide barnehage går etter planen og er no inne i forprosjektfasen.
Målet er å etablere ein framtidsretta barnehage med kapasitet til om lag 120 born.
I den innleiande skissefasen er det utarbeidd grunnlag både for innvendige løysingar og uteområde.
Planteikning av 1. etg i Skeide barnehage
Skisse/Ulstein kommune
Dette arbeidet er gjort i tett samarbeid med brukargruppene.
- Kommunen ønskjer særleg å løfte fram den store velviljen og dei mange gode innspela frå barnehagestyrarar og tilsette. Det er dei som kjenner kvardagen og behova best, og innspela deira har vore avgjerande for å finne gode og funksjonelle løysingar for både born og tilsette, seier eigedomssjef i Ulstein kommune, Ottar Håkonsholm.
Han fortel også om eit godt samarbeid knytt til gjenbruk av utstyr.
- I samband med avviklinga av skulebygget på Skeide er det gjennomført ei god og ryddig flytting av utstyr til Ulsteinvik barneskule. Utstyr og inventar som kan nyttast vidare har fått nytt liv, og dei andre skulane i kommunen har òg fått høve til å hente utstyr som ikkje skal brukast i barnehagedrifta. Parallelt har det vore jobba aktivt med gjenbruk av leikeapparat som kan flyttast og nyttast vidare på Skeide. Dette er eit viktig bidrag både økonomisk og miljømessig.
Også brukarane innan drift, vedlikehald og reinhald har vore tett involverte gjennom heile prosessen.
- Denne breie involveringa har gitt verdifulle perspektiv og styrkt prosjektet. Kommunen vil rette ei stor takk til alle som har bidrege så langt, seier Håkonsholm.
Utomhusplan for Skeide barnehage
Skisse/Ulstein kommune
Vegen vidare
Prosjektet er no i forprosjektfasen, der det blir arbeidd vidare med byggtekniske avklaringar både innandørs og utandørs.
Kommunen har kopla på fagmiljø gjennom eksisterande rammeavtalar innan bygg, elektro og entreprenørtenester. Arbeidet blir gjennomført i tett samspel for å finne dei beste, mest praktiske og mest kostnadseffektive løysingane.
Det vil i nær framtid bli sendt ut nabovarsel som ein del av den vidare byggesaksprosessen. Dette markerer eit viktig steg vidare i prosjektet, og gir naboar og andre berørte høve til å kome med innspel før søknad om rammeløyve vert sendt inn.
- Vidare arbeid vil no handle om detaljprosjektering, byggesøknad, avklaringar med Arbeidstilsynet og førebuing av prisgrunnlag før prosjektet går over i gjennomføringsfasen, avsluttar Håkonsholm.
Situasjonskart
Skisse/Ulstein kommune