To hender med eit raudt hjarte over
Illustrasjon
Mange pårørande brukar mykje tid og omsorg på den som er sjuk. Belastninga kan over tid bli så stor at dei sjølve får redusert livskvalitet og helse.
I tillegg til psykiske belastningar opplever mange pårørande også fysiske plager som hovudpine, magesmerter, brystsmerter eller spenningar i kroppen. Nokre blir òg utsette for truslar, vald eller krenkingar.
Gjennom kurset ønskjer vi å gi deltakarane moglegheit til å møte andre i same situasjon, oppleve fellesskap og få støtte. Med informasjon, refleksjon og samtalar kan det bli lettare å forstå si eiga rolle og finne gode måtar å ta vare på seg sjølv på.
Kurset er gratis og går over seks kveldar, med éi samling kvar veke. Tilbodet er ope for alle som bur i kommunane på Søre Sunnmøre.
Tema på kurskveldane
- Meistring og verdigheit
- Bruk av tvang og pårørande sine rettigheiter Behandling
- Pårørande
- Søsken og barn
- Familieperspektivet
Oppstart Onsdag 14 oktober kl. 18 til 20.30.
Stad: Ulshaugen Bygdastova, Ulshaugen 15, 6065 Ulsteinvik
Påmelding og kontaktinformasjon
Du er velkommen til å ta kontakt med Solgunn Høyvik Moltubakk, solgunn.moltubakk@ulstein.kommune.no eller på telefon 98230618 om du ønsker meir informasjon.
Påmelding innan 2. oktober til:
solgunn.moltubakk@ulstein.kommune.no tlf nr. 98230618
monika.garnes@ulstein.kommune.no tlf nr. 98230633
Kurset blir arrangert i samarbeid med Hareid kommune.