Oppstart intensive kveldskurs på Reiten 19.mars
Torsdag 19. mars startar det to intensive kveldskurs på Ulstein kompetansesenter på Reiten.
Om kursa:
- Det eine er eit A1 kurs for nybegynnerar eller andre som kan litt norsk, men som treng å få jobba seg gjennom A1-nivået ein gong til.
- Det andre kurset er på B1/B2-nivå, og vil innehalde dei viktigaste tema for Norskprøven på B1/B2 nivå.
Tid og pris
Dag - Torsdagar kl. 16:30-19:00 (i alt 9 kveldar) på Reiten.
Periode - 19.03.26 - 28.05.26 fram til Norskprøven
Pris - 2500 kr., ei eventuell eksamensavgift er ikkje inkludert i prisen.
Påmelding via skjema:
Registrering for intensivt kveldskurs ved Ulstein kompetansesenter våren 2026
For meir informasjon om norskkurs eller eksamen ta kontakt med Mali Åm på epost mali.am@ulstein.kommune.no
Publisert 12.03.2026 08:00
Sist endra 12.03.2026 14:48