Kartutsnitt
Gjerdegata skal seinkast ein del inn mot krysset og krysset skal strammast opp. Det skal også bli etablert fortau og droppsone i Gjerdegata.
Samtidig med tiltaka på veg blir det i Vikemyra skifta ut vass- og avlaupsleidningar. På grunn av dette, vil det kunne kome mindre avstengingar av vatnet. Dette blir varsla om i god tid.
Det er Aurvoll og Furesund som er utførande entreprenør.
Trillenkrysset (krysset mellom Vikemyra og Gjerdegata) vil vere stengt for biltrafikk i heile anleggsperioden, men alle eigedomar vil vere sikra gangtilkomst medan anleggsarbeidet går føre seg. Det vil bli køyrbar tilkomst frå sør via Vikemyra og Skollebakken. Ver obs. på at maksimal tillaten totalvekt på brua (Vige bro) er 3 tonn.
Arbeidet vil etter planen gå føre seg fram til midten av juli.
Kontaktpersonar:
- Joar Moldskred, Aurvoll og Furesund, tlf. 91626095
- Harald Øvereng, Ulstein kommune, tlf. 92013179
- Vegard Ertesvåg, Ulstein kommune, tlf. 90475629