Frå venstre: Stian Skorgen Scheide, ordførar i Ulstein kommune, Ann Kathrine Tine A. Storøy, ordførar i Herøy kommune, og Dag Vaagen, ordførar i Sande kommune.
Ulstein kommune
Planlegg folkerøysting
Styringsgruppa legg opp til at det skal gjennomførast ei folkerøysting dersom kommunane går vidare i arbeidet og kjem fram til ein framforhandla intensjonsavtale.
Det er enno ikkje avgjort når ei slik røysting eventuelt skal haldast. Det blir vurdert ulike alternativ, mellom anna om ho skal skje før eller samtidig med lokalvalet i 2027.
Det kan også bli aktuelt med ei innbyggjarhøyring tidlegare i prosessen.
Faktagrunnlag klart i september
Eit felles faktagrunnlag for kommunane skal vere ferdig 23. september 2026. Dette skal gi eit betre grunnlag for å vurdere konsekvensar av ei mogleg samanslåing.
Kort tid etter vil saka bli lagt fram for politisk behandling i kommunestyret. Sidan det ikkje er planlagde møte i denne perioden, vil det bli kalla inn til ekstramøte.
Kommunestyret skal då ta stilling til om Ulstein skal gå vidare i prosessen.
Ope møte for innbyggjarane
Det blir arrangert eit ope møte der faktagrunnlaget blir presentert:
- Stad: Landsbyhuset Breidablik Larsnes
- Tid: 24. september 2026
- Klokkeslett:18:00
Konserthuset i Fosnavåg og Sjøborg i Ulsteinvik er opptekne 24. september.
Alle innbyggjarar er velkomne til å møte.
Fv. Jarl Martin Møller, kommunedirektør i Ulstein kommune, Renathe Rossi Aglen, kommunedirektør i Sande kommune, og Trond Arne Rossi Aglen, kommunedirektør i Herøy kommune.
Ulstein kommune
Viktig med god informasjon og medverknad
Erfaringar frå andre kommunar viser at god informasjon og open dialog er avgjerande for tillit i slike prosessar. Det blir derfor laga ein eigen plan for kommunikasjon og innbyggardialog.
Det blir også oppretta ei eiga arbeidsgruppe for dette arbeidet, der kommunikasjonsrådgjevarane i dei tre kommunane deltek.
Involverer tilsette og tillitsvalde
Tilsette skal også få vere med i prosessen. Ein hovudtillitsvald frå kvar kommune og eitt hovudverneombod skal delta i styringsgruppa.
Dette skal bidra til god informasjon og medverknad også internt i kommunane.
Julianne Auberg Hauge (prosjektleiing) og Lars Erling Bjåstad Hovlid (prosjektleiing)
Ulstein kommune
Statleg støtte til arbeidet
Arbeidet med å greie ut mogleg kommunesamanslåing får støtte frå Statsforvaltaren. Midlane skal mellom anna nyttast til utgreiing, informasjon og involvering av innbyggjarane.
Dette skjer vidare
- September 2026: Faktagrunnlaget blir lagt fram 23.september
- September 2026: Ope informasjonsmøte på Landsbyhuset Breidablik 24.september
- Demokratikonferanse arrangerast i Ulsteinvik 29.-30.september. Tema er lokaldemokrati og framtidsutfordringar i kommunane.
- Oktober/november 2026: Politisk behandling i kommunestyret
- Vidare: Eventuell innbyggardialog og arbeid med intensjonsavtale
- 2027: Mogleg folkerøysting dersom prosessen går vidare
Om 3K-samarbeidet:
3K-samarbeidet er eit initiativ mellom Ulstein, Sande og Herøy der ein greier ut ei mogleg kommunesamanslåing.
Kontaktperson:
Ordførar