Opna "Osneset toalett og dusj"

Opna "Osneset toalett og dusj"

Det vart dragkamp om tørkepapiret då gammal og ny ordførar saman fekk æra av å opne det nye sanitæranlegget ved Osnessanden. 

Snorklipping. - Klikk for stort bileteEivind Berge frå entreprenøren Aurvoll & Flusund, tidlegare ordførar Knut Erik Engh, ordførar Stian Skorgen Scheide og personleg bidragsytar Roger Brudevoll i dragkamp om tørkepapiret for å markere offisiell opning av sanitæranlegget på Osneset. Janne-Marit Myklebust

– Dette har vore eit lite hjartebarn for meg, og det var vi som i utgangspunktet fekk pengane inn på budsjettet, sa tidlegare ordførar og noverande kommunestyremedlem Knut Erik Engh, som var spesielt invitert til markeringa på Osneset.

Inne på sanitæranlegget. - Klikk for stort bileteKnut Erik Engh studerer fasilitetane og konkluderer med at kvaliteten er upåklageleg. Janne-Marit Myklebust

Det er nemleg han som står bak forslaget om plasseringa av det svært etterlengta sanitæranlegget, kan kommunalsjef teknisk Arne Runar Vik fortelle.

– Dette har vore eit etterspurt tiltak i lokalmiljøet i fleire tiår. Etter politisk initiativ kom det med i økonomiplanen i 2018, men det har vore vanskeleg å bestemme kvar anlegget skulle plasserast. Knut Erik hadde ein idé om å spørje soknet om å få sette det på deira grunn ved gravplassen, og det var lutter vilje frå dei. Tiltaket kjem både badarane, turgåarane og soknet til gode, seier Vik.

Sanitæranlegget. - Klikk for stort bileteSanintæranlegget ligg skjerma til i enden av parkeringsplassen ved Osnessanden/kyrkjegarden. Janne-Marit Myklebust

Nesten gratis

Toalettet har adgangskontroll. Det vil seie at du må ha bankkort for å få opp døra. Førebels er summen sett til symbolske 1 krone.

– Med adgangskontroll kan kommunen opne det når dei ønsker det og lukke det når det trengst. Ei god løysing, vurderer Engh.

Dusj med paraply. - Klikk for stort bileteSanitæranlegget er også utstyrt med utvendig dusj for dei badande, som ordføraren her så velvillig demonstrerer. Janne-Marit Myklebust

Engh og ordførar Stian Skorgen Scheide fekk æra av å offisielt opne sanitæranlegget ved å måle styrke ved å rive ein symbolsk dorull.

Og det var tidlegare ordførar Knut Erik Engh som trekte det lengste tørket, med god hjelp frå dorullhaldar Eivind Berge frå entreprenøren Aurvoll & Fursund.  

– Og med det er Osneset toalett og dusj offisielt opna, kunne ordføraren meddele. 

Snorklipping - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust

 

Arne Runar Vik rosa også entreprenøren Aurvoll & Flusund for vel gjennomført arbeid, Roger Brudevoll for sitt personlege bidrag til anlegget, soknet for velvilje og prosjektleiar Harald Øvereng og avdelingsleiar Jørgen Hageselle frå kommunen for god prosjektgjennomføring.

– Ta godt vare på anlegget, var oppmodinga frå alle!

heisekran heiser på plass sanitærbygget. - Klikk for stort bileteStødig plassering av sanitæranlegget tidlegare i vår. Harald Øvereng Sanitæranlegget er plassert skjerma ved kyrkjegardsmuren på Osneset. Harald Øvereng