Onsdagskafé - ein triveleg møteplass for alle

Onsdagskafé - ein triveleg møteplass for alle

Ulstein frivilligsentral opnar dørene i frivilligsentralen sine lokale i Skollebakken, og inviterer alle innbyggarar til vår nyoppretta Onsdagskafé - eit triveleg møteplass annankvar onsdag.

 

Onsdagskafé - kva er det?

Onsdagkaféen er eit tilbod som skal fremje fellesskap og skape nye vennskap. Målet vårt er å skape ei inkluderande atmosfære der alle føler seg velkomne - uavhengig av alder, bakgrunn og erfaring.

Vi serverer kaffi, te og heimebaka bakverk - stemninga skal vere uformell og hyggeleg. Her kan du slå av eit prat, møte nye folk, dele historier og kanskje få deg ein ny venn. Dette er ikkje berre ein kafé - det er ein stad for sosialt samvær, latter, gode samtalar og nye minner! 

 

Kor tid og kvar hen skjer det?

Kaféen er open annakvar onsdag kl. 12.00–15.00 (i oddetalsveker), og du finn oss på Ulstein frivilligsentral sine lokale i Skollebakken. 

Oppstart vert onsdag 10. september. 

 

Innhald

Av og til vil vi starte kaféen med eit tema, eller ein liten undervisningstime - til dømes om frivilligheit, helse, lokalhistorie eller andre interessante emne.  Har du forslag til tema? Del dei gjerne med oss!


Velkomne

Ta med deg ein venn, eller kom aleine – våre kjekke frivillige står klare til å ta imot deg med eit smil.

 

 

 

Kontakt

Inger Anne Dimmen
dagleg leiar
E-post
Telefon 98 23 06 13
Mobil 98 23 06 13