Rektor ved Ulsteinvik barneskule, Synnøve Haug, oppvekstsjef Karen Strand og kultursjef Leif Ringstad.
Erling Olav Storegjerde
Det er høg aktivitet rundt Ulsteinvik barneskule om dagen. Både glade born i leik, og arbeidarar frå entreprenør Aurvoll & Furesund som jobbar med å ferdigstille det nye anlegget.
– Vi har eit veldig godt samarbeid med entreprenør, og målet er at anlegget skal stå ferdig til skulestart i haust, seier Ulstein kommune sin prosjektleiar, Anne Hestflått.
Takkar Hødd IL innebandy og sentrum grendelag
Ein ballbinge er allereie flytta bak skulen, og arbeidet er i gang med å jamne ut oppstillingsplassen der det skal kome to multibaner, ei street basket-bane og ei bandybane. Det vil også bli betre sykkelparkering for elevar og tilsette som syklar til skulen.
Entreprenør Aurvoll og Furensund AS er i ferd med å jamne ut oppstillingsplassen ved barneskulen, der det skal kome multibaner, street basket og bandybane.
Erling Olav Storegjerde
- Dette er gjort mogleg gjennom sjenerøse gåver frå Hødd IL Innebandy og grendelaget i sentrum, som har fått midlar frå Sparebankstiftinga. I tillegg har vi fått spelemidlar til nærmiljøanlegget, seier kultursjef i Ulstein kommune, Leif Ringstad.
- Eg er svært glad for at vi har fått utført oppgradering på uteområdet på skulen og at vi har fått til eit så godt samarbeid med Hødd IL Innebandy og grendelaget. Dette vert til glede og aktivitet for små og store både i skuletida og på fritida, seier oppvekstsjef i Ulstein kommune, Karen Strand, som gler seg til den offisielle opninga av anlegget i haust.
Dei nye leikeapparata er allereie i bruk
Erling Olav Storegjerde
- Eit verdifullt tilskot til skulen og nærmiljøet
Det nye nærmiljøanlegget vil bli brukt av Ulstein barneskule, og etter skuletid er det ope alle.
– Vi gler oss stort til at det nye nærmiljøanlegget står ferdig. Det vil gjere uteområdet vårt endå meir spennande, variert og inspirerande for elevane. Til hausten blir vi endå fleire små og store ved Ulstein barneskule, og anlegget vil gi oss betre moglegheiter for aktivitet, leik og læring. Vi ser fram til å ta det i bruk både i undervisninga og i friminutta, og vi er sikre på at dette blir eit verdifullt tilskot for både skulen og nærmiljøet.
Oppvekstsjef Karen Strand og rektor Synnøve Haug er veldig nøgde med at ballbingen er på plass på oversida av skulen.
Erling Olav Storegjerde
Elevane nyttar heile området rundt skulen
Erling Olav Storegjerde