Nye retningslinjer for kameraovervaking og strøyming

Nye retningslinjer for kameraovervaking og strøyming

Kommunestyret har vedteke nye retningslinjer for kameraovervaking og strøyming.

Illustrasjon av eit kvitt overvakingskamera på blå bakgrunn - Klikk for stort bileteKameraovervaking. Pixabay

Kameraovervaking kan vere eit effektivt verktøy for å skape tryggleik, førebygge og oppklare lovbrot og verne om verdiar. 

Samtidig kan overvaking vere eit inngrep i retten til privatliv og sporfri ferdsel.

Formålet med retningslinjene er å hjelpe kommunen med å ha god kontroll på korleis kameraovervaking blir brukt, og sørge for at det skjer på ein trygg, lovleg og ryddig måte.

Retningslinjene gjeld for overvaking med fastmonterte kamera på område, og i bygg og eigedomar kommunen eig eller forvaltar.

Retningslinjer for kameraovervaking på kommunal grunn

Formålet med retningslinjene er å sikre at strøyming og videoopptak av idrettsaktivitetar på kommunale idrettsanlegg skjer på ein trygg, ansvarleg og lovleg måte. Dette gjeld både offentleg strøyming av arrangement og interne opptak frå trening og kamp.

Retningslinjene gjeld for alle som utfører strøyming og videoopptak på kommunale idrettsanlegg i Ulstein kommune.

Retningslinjer for strøyming på idrettsanlegg

Slik behandlar Ulstein kommune personvern:

Personvern