Ny nattlegevakt for Søre Sunnmøre

Ny nattlegevakt for Søre Sunnmøre

Søre Sunnmøre legevakt ligg rett ovanfor flyplassen i Hovdebygda, nærmare bestemt i Torvmyrane 11 B. Inngangen er på oppsida av bygget.
Frå og med 1. februar 2021 vert nattlegevakt-tenesta for Ulstein lokalisert i Hovdebygda.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane på Søre Sunnmøre. Volda kommune er vertskommune. Det varierer mellom kommunane kva tenester Søre Sunnmøre legevakt har. For Ulstein kommune er det nattlegevakt (frå kl. 22-08 alle dagar) som frå 1. februar blir lokalisert i Hovdebygda, i Ørsta kommune.

 

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringe?

Kontakt med tenesta har fire nivå i Noreg:

  • Ring fastlegen din i opningstida (tlf.nr. 70 01 89 89, kvardagar kl. 08-15)
  • Ring legevakt 116 117 utanom opningstida til fastlegen, eller viss du ikkje får kontakt med fastlegen din i opningstida og hjelpa ikkje kan vente (kvardagar frå kl. 15-22 og helgedagar frå kl 08-22)
  • Ring interkommunal nattlegevakt 116 117 kl. 22-08 alle dagar
  • Ring 113 når det er akutt og står om liv


Legevakta i Hareid og Ulstein

Etter kontortid er fastlegane med i ei felles legevaktordning, og lokalt er legevakta delt mellom Ulstein og Hareid kommunar. Legevakta i Ulstein og Hareid er tilgjengeleg kvardagar frå kl. 15-22 og helgedagar frå kl. 08-22.

  • Legevakta i Ulstein har adresse Sjøgata 1, 6065 Ulsteinvik
  • Legevakta i Hareid har adresse Hjellebakken 10, 6060 Hareid

Du skal alltid ringe legevakta for vurdering før du eventuelt avtalar å møte opp. 

Vanleg legevakt i Hareid og Ulstein held fram som tidlegare.

 

Interkommunal nattlegevakt i Hovdebygda

Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta samarbeider om interkommunal nattlegevakt ved Søre Sunnmøre legevakt. Frå og med 1. februar 2021 vert nattlegevakta for desse kommunane lokalisert i Hovdebygda. Nattlegevaktordninga er frå kl. 22-08 alle dagar.

Nattlegevakta starta opp i 2009, og var fram til mars 2020 på sjukehuset i Volda. Då koronapandemien braut ut vart nattlegevakta mellombels etablert ved legesenteret i Myrvåg, Gurskøy. Årsaka til flyttinga var den pågåande situasjonen rundt koronapandemien, og eit ønskje om å minimere talet på menneske som beveger seg i nærleiken av, og på innsida av, sjukehuset i Volda.

Søre Sunnmøre legevakt blir å finne rett ovanfor flyplassen i Hovdebygda, i same bygget som m.a. Politiet og ambulansestasjonen. Inngang gjennom hovudinngang på oppsida av bygget.

  • Nattlegevakta i Hovdebygda har adresse Torvmyrane 11 B, 6160 Hovdebygda
     

For å ivareta smittevernet vil det ikkje vere noko stor markering av opninga i denne omgang.  


 

Organisering og personell

På Søre Sunnmøre legevakt vil det arbeide legar, sjukepleiarar, paramedisinarar og ambulansepersonell. Desse vil saman gjere sitt beste for å gi innbyggarane naudsynt helsehjelp.