Ny heilskapleg ROS-analyse: Eit viktig steg for eit tryggare Ulstein

Ny heilskapleg ROS-analyse: Eit viktig steg for eit tryggare Ulstein

Ny heilskapleg ROS vedteken i Ulstein kommune.

Stikkord frå ROS analysen i fleire fargar på kvit bakgrunn - Klikk for stort bileteUlstein kommune har ny heilskapleg ROS analyse. Illustrasjon

 

Kommunestyret i Ulstein har no vedteke ny heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (H-ROS) for perioden 2026–2030. Analysen gir eit oppdatert og samla bilete av kva utfordringar som kan råke kommunen, og korleis vi skal førebyggje og handtere kriser.

H-ROS er eit av dei viktigaste styringsverktøya kommunen har innan samfunnstryggleik og beredskap, og ligg til grunn for vidare planlegging, prioriteringar og tiltak.

Les heile analysen her

Kvifor gjer vi dette?

Vi lever i ei tid prega av aukande risiko, både lokalt og globalt. Klimaendringar gir meir ekstremvêr, digitale truslar aukar, og verda rundt oss er meir uføreseieleg enn før.

Den nye analysen skal bidra til at Ulstein kommune:

  • blir betre førebudd på kriser og uønskte hendingar
  • kan oppretthalde viktige tenester når det verkeleg gjeld
  • styrkjer samarbeidet med innbyggjarar, næringsliv og andre aktørar

Tryggleik er eit felles ansvar, og målet er at både kommune og innbyggjarar skal vere betre rusta når noko skjer.

Kva handlar analysen om?

H-ROS vurderer ulike hendingar som kan få store konsekvensar for lokalsamfunnet. 

Analysen tek for seg både naturhendingar, ulykker og samansette kriser.

Mellom scenario som er vurderte finn vi:

  • ekstremvêr og flaum
  • bortfall av straum og elektronisk kommunikasjon
  • dataangrep og digitale truslar
  • pandemi og helsekriser
  • alvorlege ulykker og hendingar
  • krig og internasjonale kriser

Desse scenarioa gir eit konkret bilete av kva kommunen kan bli utsett for, og kva som krevst for å handtere det.

Kva viser analysen?

Analysen peikar særleg på nokre gjennomgåande sårbarheiter:

  • Avhengigheit av straum og digital infrastruktur
  • Sårbarheit knytt til transport og øysamfunn
  • Auka risiko frå klimaendringar
  • Avgrensa kapasitet og avhengigheit av nøkkelpersonell

Samstundes viser analysen at gode førebyggjande tiltak, samarbeid og eigenberedskap hos innbyggjarane kan redusere konsekvensane av kriser.

Dette skal vi jobbe vidare med

Med bakgrunn i analysen har kommunen sett seg tydelege mål for beredskapsarbeidet framover. Vi skal mellom anna:

  • styrkje kompetansen og kapasiteten i krisehandtering
  • utvikle betre samarbeid med nabokommunar og frivillige
  • sikre drift av kritiske tenester – også i kriser og krig
  • styrkje digital tryggleik og robuste løysingar
  • vere betre førebudde på bortfall av straum og kommunikasjon
  • auke eigenberedskapen i befolkninga

Dette arbeidet vil bli følgt opp i konkrete tiltak i åra som kjem.