Ny app for foreldre og føresetteHar du barn i skule eller barnehage i Ulstein? Då kan du laste ned appen Vigilo, slik at du kan sende og få meldingar som gjeld barnet ditt. pixabay.com Vigilo erstattar appen Edlevo som vi har brukt til no. Du kan lese meir om appen på informasjonssidene våre. I løpet av august skal vi vere oppe og gå på den nye appen. Oppvekstkontoret og leiarar i barnehage og skule tok i bruk systemet 1. august. Pålogging gjennom ID-porten vert aktivert 9. august for andre. Sikker kommunikasjon Den lukka løysinga sikrar personvernet, er trygg og effektiv, og samlar all kommunikasjon på ein stad. Løysinga erstattar kommunikasjon via ranselpost, e-post og SMS. Treng du hjelp med det tekniske? Kontakt Vigilo | Hjelpesenter. Publisert 02.08.2023 13:53 Sist endra 07.05.2024 15:37