Norsk vri på ukrainsk nasjonaldag

Norsk vri på ukrainsk nasjonaldag

Barn i tog med ukrainske flagg. - Klikk for stort bileteBarnetog rundt Skeide. Synnøve Haug

Ulstein skule markerte Ukraina sin nasjonaldag med pølser, is og barnetog.

24. august er Ukraina sin nasjonaldag. Ulstein skule er mottaksskule for elevar som er busette på mottaket i  Ulsteinvik, frå 1.–7. trinn.

– Vi har mange elevar frå Ukraina, og det vart naturleg for oss å feire denne dagen i lag med elevane og foreldra. Vi valde å ha ein norsk vri på feiringa, fortel rektor Synnøve Haug.

Elevane fekk pølse i brød, saft og is. Alle var med og gjekk i tog rundt Skeide.

Jente med ukrainsk flagg og pølse i brød. - Klikk for stort bileteNorsk vri på ukrainsk feiring. Synnøve Haug

– Vi hadde musikk, fana til skulen og flagg som elevane har laga sjølve. Etterpå markerte vi dagen ved å spele nasjonalsongen til Ukraina ved flaggstonga. Det vart ei flott markering som har gitt skulen meir innsikt i ukrainsk kultur, seier Haug.

Per i dag har skulen 110 elevar.

– Vi er takksame for å kunne gi alle elevane våre trygge og gode skuledagar.

Nasjonaldagen til Ukraina vart også markert med flagging ved Ulstein skule. Synnøve Haug