No startar felles utgreiing av framtidig kommunestruktur

No startar felles utgreiing av framtidig kommunestruktur

Ulstein, Sande og Herøy kommunar har starta arbeidet med å sjå på korleis kommunane kan vere organiserte i framtida. No skal Telemarkforsking inn og hjelpe kommunane med å lage eit faktagrunnlag til utreiinga.

Dei tre ordførarane i Sande, Herøy og Ulstein held opp avtalen mellom kommunane. - Klikk for stort bileteDag Vaagen (Sande), Ann-Kathrin Storøy (Herøy) og Stian Skorgen Scheide (Ulstein). Pressefoto

 

Kommunane Ulstein, Sande og Herøy er samde om gjere ei heilskapleg og kunnskapsbasert utgreiing av ein mogleg ny framtidig kommunestruktur.  

Til denne utgreiinga vil kommunane ha eit fagleg fundert kunnskapsgrunnlag, og har lyst dette arbeidet ut på konkurranse. 

No er det klart at det er Telemarkforsking som får oppdraget. 

– Telemarkforsking har solid erfaring med slike prosessar og skal bidra med eit fagleg og uavhengig kunnskapsgrunnlag. Det er viktig for oss at innbyggjarar og folkevalde får eit godt faktagrunnlag før ein tek stilling til framtidig kommunestruktur, seier ordførarane Stian Skorgen Scheide, Dag Vaagen og Ann-Kathrin Storøy etter kontraktsigneringa. 

 

Skal vurdere fordelar og ulemper

Oppdraget til Telemarkforsking er å lage eit kunnskapsgrunnlag som skal vurdere fleire alternativ for kommunestrukturen i framtida; både «null-alternativet» der dei tre kommunane held fram som i dag, at ein forsterkar dagens samarbeid, eller at dei tre kommunane vel å gå saman til ei ny kommune. 

Kvart alternativ skal vurderast, med fordelar og ulemper.

Korleis kvart alternativ vil påverke m.a. tenestekvalitet, demokrati og politisk deltaking, økonomi og samarbeidet i Sjustjerna, er viktige analysar Telemarkforsking skal gjere i arbeidet sitt.

 

Det viktige innbyggarperspektivet

Kommunane har klar føresetnad om at innbyggarperspektivet vert teke inn i utgreiinga.

Hovudutgreiinga skal vere ferdig seinast 21. september 2026. 

Alle kostnadar til utgreiinga er dekte av staten gjennom Kommunal- og distriktsdepartementet.

- Vi er glade for å ha fått i oppdrag å greie ut konsekvensane av ei mogleg kommunesamanslåing mellom Ulstein, Sande og Herøy. Vår rolle er å levere eit fagleg solid og uavhengig kunnskapsgrunnlag som politikarane kan bruke i vurderingane sine, seier Bent Aslak Brandtzæg, seniorforskar og prosjektleiar i Telemarksforsking, som skal leie arbeidet saman med Audun Thorstensen. 

- Utgreiinga vil belyse både moglegheiter og utfordringar ved ei samanslåing, mellom anna når det gjeld tenestetilbod, økonomi, lokaldemokrati og samfunnsutvikling. I den samanhengen vil vi òg trekkje vekslar på erfaringar frå tidlegare samanslåingsprosessar rundt om i landet.

Bilete av Bent Aslak Brandtzæg i Telemarkforsking. - Klikk for stort bileteBent Aslak Brandtzæg har vore tilsett ved Telemarksforsking sidan 1995, og er forskargruppeleiar for kommunal og regional utvikling. Telemarkforsking Biletet av Audun Thorstensen i Telemarkforsking. - Klikk for stort bileteAudun Thorstensen er utdanna statsvitar frå NTNU i 2006, og har arbeidd ved Telemarksforsking sidan 2007. Telemarkforsking

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om 3K-samarbeidet: 

- 3K-samarbeidet er eit initiativ mellom Ulstein, Sande og Herøy der ein greier ut ei mogleg kommunesamanslåing.

Kontaktpersonar: 

Ordførarane