Zari Demirova vil vere eit av ansikta du vil møte når du besøker innbyggartorget vårt på Ulstein bibliotek. Her står ho saman med leiar for servicetorg og dokumentsenter, Helga Bøe.
Janne-Marit Myklebust
Lurer du på noko om kommunale eller statlege tenester? Då kan du frå torsdag av besøke innbyggartorget på Ulstein bibliotek.
Vi kjem til å halde ope tre dagar i veka, måndag, tysdag og torsdag klokka 12.00–16.00.
Innbyggartorget skal også innehalde nærtenestesenter som er eit treårig prosjekt der målet er å gjere innbyggarane i betre stand til å klare seg sjølv og å gjere statlege publikumstenester meir tilgjengelege i heile Noreg.
Les meir om tenesta
Vi gler oss til å kome i gang!
Velkomne til å møte oss! Offisiell opning vert ved ordførar Stian Skorgen Scheide.
PS. Vi har sjølvsagt bestilt kake!