No kan du sjekke alle fakturaene dine

No kan du sjekke alle fakturaene dine

Via innbyggarinnsyn i Visma kan du no sjå alle fakturaene du har fått frå kommunen, og om dei er betalt eller ikkje. I tillegg er det mogleg å søke om betalingsutsetting.

Illustrasjon av to hender som held ein kalkulator og eit papir. - Klikk for stort bileteIllustrasjon. pixabay.cp,
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

For å kome inn i løysinga må du logge deg på Min kommune via ID-porten. 

Logg på Min kommune her.

Nedst på sida finn du lenke til fakturaene dine.

Visma har også laga ein video som viser korleis du finn fram via nettsidene våre: Innbyggarinnsyn Web Ulstein kommune

Betalingsutsetting

For å søke automatisk betalingsutsetting på ein faktura er det ein føresetnad at betalingsfristen ikkje har gått ut. For å søke, finn du knappen "Søk om betalingsutsettelse".

Visma har laga ein kort video som viser korleis du skal gå fram: