No får du eFaktura frå kommunen - viss du vil

No får du eFaktura frå kommunen - viss du vil

Pixabay Frå og med 01.01.2022 vert faktura frå Ulstein kommune og Ulstein Eigedomsselskap KF sendt elektronisk som eFaktura til alle kundar som har godkjent dette i sin nettbank.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Manglar du eFaktura frå Ulstein kommune?

Frå og med 01.01.2022 vert faktura frå Ulstein kommune og Ulstein Eigedomsselskap KF sendt elektronisk som eFaktura til alle kundar som har godkjent dette i sin nettbank. I nettbanken kallast dette «Ja takk til alle» (JTTA) eller «Alltid eFaktura», avhengig av kva bank du nyttar. For å fortsette å få eFaktura er det viktig at du godkjenner JTTA i nettbanken eller Vipps-appen din.

 

Har du brukt å ta imot eFaktura på vegner av andre?

Overgang til JTTA fører til at du ikkje lenger kan få eFaktura på vegner av andre (for eksempel ektefelle, barn, verje).

 

 Ønsker du ikkje eFaktura?

Dersom du ønsker å få faktura tilsendt per post kan du reservere deg mot at vi sender eFaktura til deg i din nettbank. Ta gjerne kontakt med banken din dersom du har spørsmål knytt til dette.

 

Kvifor får eg eFaktura i Vipps?

Har du Vipps eller har oppdatert appen, så seier du automatisk ja til Alltid Vipps eFaktura (JTTA), om du ikkje kryssar av for Nei takk. I din Vipps er det tre knappar under «Profil – Regninger og eFaktura». Om Alltid Vipps eFaktura og Vis regninger i Vipps er kryssa av, vil du få din faktura som eFaktura i Vipps frå Ulstein kommune og Ulstein Eigedomsselskap KF. Dette kan du endre inne i Vipps eller i nettbanken.  JTTA er uavhengig av bank og kven som sender ut eFaktura.